Hjelp
© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Knut med fela
I juni i år var det plateslepp med Knut Hamre med plata «Frå scenen» – liveopptak frå eit langt liv som spelemann.
No skal Knut ta med seg fotograf og plateprodusent Kjell Bitustøyl, Sigrid Terjesen, Arne Jordan med elevar på ein liten miniturné i Hardanger.
Knut Hamre frå Folkedal i Hardanger er kjent som ein glitrande formidlar av slåttespel på hardingfele og har gjennom mange år gjeve publikum musikalske opplevingar som mange vil hugsa resten av livet.
At han har vunne landskappleiken klasse A heile sju gonger seier sitt om spelemannen som formidlar av slåttespel på hardingfele.
Knut har bak seg mange studioinnspelingar både som solospelemann og i samspel med andre felespelarar og andre musikarar frå fleire ulike sjangrar. Det som no manglar i katalogen over plater Knut har gjeve ut eller vore med på, er solospel frå scenen, det ein gjerne kallar ei live-plate.
Det er vel kjent at mange spelemenn yter sitt aller beste når dei kan spela framfor eit publikum og Knut Hamre er ein slik spelemann. På denne plata har me samla dei beste kappleiksopptaka, mest av alt frå Landskappleikane, supplert med nokre konsertopptak. Desse opptaka representerer Knut på sitt aller ypparste over ein periode på over 20 år. Det eldste opptaket på plata er frå 1978 og dei nyaste er frå 2001. Det er plateselskapet Ta:lik som har gjeve ut plata.
Knut vil ha med seg to av elevane sine i denne konserten, i tillegg vil Kjell Bitustøyl vise bilete av Knut med fela i ymse situasjonar både innanlands og utanlands. Knut vil både fortelje og spela, likeins vil me få høyre smakebitar frå plata.
I Gamlastovo er Skare ungdomslag teknisk arrangør , og det vert sjølvsagt ein kaffikopp med noko godt innåt.
Billetsal på TicketCo og i døra